lørdag 31. juli 2010

Siden ein del har spurt om å få sjå ka eg har laga iløpet av det første året på Nkf, skal eg heller slenge ut eit par bilder av nokre prosjekt.

Emballasjedesign:
Oppgåva var å lage emballasje til eit produkt inspirert av ein medstudent. Eg fekk Mia. Og endte opp med å lage eit sysett i ein litt kulare stil ein det typiske sykonedesignet.

Her er litt av resultatet. (alt inspirert av Mia.)





Så var det Folderoppgåva.
Designe ein folder til eit 2CV-veteranbiltreff. Dette skulle vere eit familievennlig arrangement, så resultatet vart slik:




(fargane vart ein god del blassare her enn i røynda)

++

onsdag 24. mars 2010

I dag er det berre to dagar att til eg har påskeferie. :D
Då tar eg fyrst turen til Stavanger for å besøke Morten og co. Blir der antageligvis til måndag, då eg reiser heim til Stord. Der blir eg i to dagar, og prøver nok å vere mest mogleg sosial, før turen går vidare til Hovden. DET blir kjekt! :D Påsketur på fjellet med familie og vennar. :)

Ellers er eg ganske lykkelig over å ha fått opna Pandora-kontoen min igjen. Som er ein fantastisk musikktjeneste (som egentlig berre er tilgjengelig i USA. Meeeen sidan eg er så flink til å trikse og mikse, har eg klart å lure systemet;) Så no er det musikk nonstop. I grunn akkurat slik det var før. Haha.

Egentlig har me photoshoptime no, men eg kan det me lærer frå før av, så for å få tida til å gå: drikk eg eplejuice, et Gjende-kjeks, høyrer musikk og bloggar litt, til ein forandring. Derav den dårlige kvaliteten på innhaldet;)

Kl. 17.00 i dag er det samfundsmøte på Samfundet. Mats Gilbert og Børge Brende - Katastrofe. Det trur eg blir eit ganske bra føredrag. Viktig å få med seg.

For å skape eit bilete av korleis livet i kollektivet er for tida kan eg blant anna nemne:
At me hadde årets første utepils i går. ( altså ute i sola, på terassen vår.) Me hadde òg årets første grillings. (ute på terassen) Det var veldig koselig, og veldig kaldt. Punktum.






På skulen er me no i gang med oppgave nr.8. Brosjyredesign.
Då skal me lage ein folder til eit veteranbiltreff. Eg fekk Citroën 2CV til mi oppgave.

Og sidan sist har me hatt nokre store oppgaver. Bokdesign, og Musikk i Strinda (som var eit ekte kundeoppdrag. (puh! Takk og lov for at den er ferdig!))


(Bok 1: Tatt av kvinnen)


(Bok 2 - Klassisk gitar.) Idéen her er at heile designet ( i utbretta format) dannar ein gitar. Get it? ;)

Orginalen:

som er katastrofestygg spør du meg. haha.

Me hadde og eit lite prosjekt som vart kalla Bastards of Typography. Den gjekk ut på å lage handlaga kreativ typografi og behandle den i programvare etterpå. Her er resultatet:



Etter påsken er det òg nokre høgdepunkt å sjå fram til:
Thomas Dybdahl konsert,
Thom Hell
konsert,
VÅR.

Dette blir bra! :D

Forresten skal eg bli tante. Igjen. :)


onsdag 25. november 2009

Hallapå'ræ!

Etter langt om lenge fann omsider Nina vegen tilbake att til bloggen sin. Eg er, og blir, lite flink til å oppdatere omverda om kva som skjer og ikkje skjer her.
:D

Da har blitt masse skule den sista tido. Der eg sitte og jobbe fra morgon til kveld. Middag har vist seg å bli ei sjelden luksusvare, då det går mest i brød, brød og brødskiver. Til gjengjeld blir eg flinkare i programvare for kvar time eg tilbringe saman med mac'en.

Her er resultatet av forgje oppgåve:


Fargane er i røynda mykje sterkare og livligare, men siden fargeprofilen her er meint for trykk og ikkje web får ein nøye seg med å tenkje at dei egentlig er meir kraftfulle.

Oppgåva var som følger: å lage ein plakat frå ein spesiell stilepoke. Eg valte 70-talet. Psykedelisk. I fillmore stil. Resultatet bl ei ok. er ikkje heilt fornøyd, men greit nok;)

No om dagane går det forøvrig i bokdesign. Skal designe coveret til to forskjellige bøker. 1 stk. faglitteratur og ei skjønnlitterær bok. Det er GØY. men mykje arbeid. Det ender ofte med hovne auger og hovudverk på kveldane pga. det sterke skjermlyset. Men sånt kan ein leve med:)

I morgon er det berre 15 d agar att til eg reiser til Oslo for å treffe "familien". Altså reunion med fhs. :D Gledar meg som ein unge! Ellers er det heller ikkje lenge igjen til 1.desember og julekalender. Mamma, søt som ho er, har nemlig sendt meg pakkekalender! :D Hææææli!

(Bilde frå opphaldet hos Mari. SUPERKOS!)

Song for dagen: ~ Sand & Ice - Fanfarlo ~

onsdag 14. oktober 2009

I går var eg fattig student. -> I dag er eg Ikeabyggemeister!.. og framleis fattig student.
Endeleg er rommet mitt blitt koselig! :D

Den fine, oransje lampen, Bildeveggen min.

Taket over senga mi.

Dagen i dag har altså gått med til montering av mine nye innkjøp på Ikea, som vart frakta til leiligheten i dagtidlig. Kommode, stol og oppbevarings/tvbenk? (TIDLIG, med tanke på at eg ikkje la meg før klokka var halv fire i går. Årsaka? Les vidare: )

I går var Wenche, Øyvind, Krista, Thomas og eg på konsert med Ane Brun. Ein F-A-N-T-A-S-T-I-S-K konsert! <3

T-skjorte vart det også kjøpt.

Ellers var me på Franz Ferdinand i forgje veke. Og ein bra konsert:)

Vinkveldar med Bokollektivet har det og blitt ein del av, som berre er maks koselig. KUN levande lys, vin, fiiiin musikk, gode samtalar og mykje latter. På mitt store, herlege rom.

På skulen går dagane ganske fort. Og me er allereie ferdige med to prosjekt med framføring. Oppgåva me har no er å designe ein 2 liters vinkartong. Dette likar eg;) Dersom resultatet vert bra, skal eg sjå om eg ikkje slenger utpå nokre bileter og.

Eg veit eg ikkje er flink til å oppdatere bloggen min, men eg gløymer den rett og slett ut. Så det har sjølvsagt hendt mykje sidan sist. Men det får no berre vere. ;)

Dei siste tre vekene har eg vore sjuk, og etter eit legebesøk i dag, viste det seg å vere lungebetennelse. NOT GOOD! :( Men med inntak av antibiotika, late dagar med Flight of the Conchords, House og gode filmar går det nok over ganske snart. Men det verkar i lungene...

God bedring til meg! :)

tirsdag 25. august 2009


Hei igjen! ;)

Ettersom det sommaren har vore prega av mykje jobbing og lite fritid, har eg hatt ei lita pause frå blogginga. Men no er eg tilbake att, for fullt? Nja, kanskje;)

Sommaren har vore fin om ein trekk vekk jobbinga. Har reist litt rundt og hatt det koselig med gode venar. Budd eit par veker i Stavanger og flytta til Trondheim.
Trondheim ja.. Ein fantastisk by! Det er så koselig her! <3
Og så bur eg saman med så kjekke mennesker:)

I går hadde eg første dag på Grafisk. Det var spanande og eg har truo på at: DETTE blir bra! ;D

Helga som var gjekk med til god musikk og festivalliv. Pstereo.
Fekk med meg blandt anna: RØYKSOPP (! rett og slett FANTASTISK!), Jaga Jazzist ( nydelig!) Ane Brun (Alltid flink!) Motorpsycko, Ulver, Ruphus m.m. Alt dette i kombinasjon med godt selskap, nyyyyydelig vêr og ei øl i handa. :)


onsdag 8. juli 2009

"SKA ME REISA HEIM KANSKJE?!!"

Eg reiste til syden.
Og kom heim att...


Du lurar kanskje på korleis det var?
Jo, no skal du høyre:

Klokka grytideleg vakna alle til liv i Gunnhilds leilighet. Alle utan om Ingeborg.
Taxi til Flesland og inn på fly. Til Oslo. -> Gran Canaria.
Framme på ettermiddagen, og tida for å innrede seg i leiligheten var komen.
Leiligheten som overraska samtlige av det aldri så gode reisefølget.
Kvifor det? Undrar du kanskje?

Eg hadde nemlig vist fram litt mindre tiltalande bileter av ein anna leilighet. Takk for lån av bileter o' store snuskete charterselskap på nett. I røynda var leiligheten vår superfin! 5-stjernes. Og den fall i smak hos alle samen. :)



Dagane gjekk som regel i å late seg på diverse strender/ ved basseng, for så å ete lunsj, etterfulgt av Sangria <3,>



I løpet av veka var me døden nær. Trøpadlebåt vs. GlassBottomFerry! :O Nesten overkjørt.
Ellers fekk me og oppleve nudistar på nært hold. Frilynte mennesker som helst vil bøye og tøye seg det dei kan og kanskje attpåtil gnikke seg inntil uskyldige forvilla ungdommar med latterkick.

Øyvind vart lakseraud, medan me andre nøyde oss med ein meir rødbrun variant.

Ellers slo me til og gjekk på marked. Då slo det meg at me søren meg ikkje var langt i frå Afrika. For der solgte de omtrent dei samme tinga ein kunne finne på marked i Sør-Afrika! :O
+ masse anna juggel.



Me storkoste oss i alle fall, og fekk feira litt 20-årsdag. :)



Takk for turen vakre mennesker! <3




mandag 15. juni 2009




I dag er det måndag
.

Klokka var 06:30 då Nina Tvedt klarte å dra seg ut av den alltid så gode senga si. I den tru at ho skulle ha ein full dag på jobb.
På Backertunet.

Slik vart det ikkje. Nei, for den personen som eigentleg var sjukemeldt, viste seg å vere på jobb allikevel. Då vart det omstokk i planane. Så ho slo seg heller samen med Anne Guri og hjalp henne. Alltid kjekt med selskap. :)
Difor gjekk no dagen fort. Og varte kun fram til lunsj.
For då var det duka for møte. Eit møte som endte i ein klekkelig feriebonus og ei særs fornøgd Nina.

Oh, happy day! Difor sit eg no heime og ladar opp til pakking.
For i morgon står Bergen for tur, og på onsdag flyg eg om mine gode venar til varmare strøk. <3

Er ikkje livet herleg?




Jo.